17. mai kom til Voss med strålande sol i år, og ein god gjeng frå VHK samla seg på Idrottsplassen for å fylgja folketoget i samla flokk. Veldig kjekt at så mange prioriterte å gå bak fana til VHK - folketoget er jo eit fint høve til å syna fram at klubben har god aktivitet. Og neste år satsar me på enda fleire i toget !