
Blodsportrening
Klubben startar opp med blodsportrening fredag 20.april. Frammøte ved rubbhallen i Bømoen (treningshallen)kl. 18. Ta med sporsele og line, godt humør og gjerne ein stol og litt kaffi, det vil alltid bli noko venting. For dei som ynskjer det kan vi legge spor som kan ligge over natta, og gåast neste dag.
I første omgang satsar vi på å ha trening annankvar fredag, i partalsveker.Men dersom det er ynskjeleg kan vi trene fredagar derimellom. Vi har fått løyve til aktiviteten frå Forsvaret, og har tilgjenge til heile Bømoen, med unnatak av lysløypa og indre leirområde.
Ta kontakt med Kari Vevatne, tlf. 91855339 hvis du ynskjer nærare informasjon. Vel møtt!!
Voss HK skal arrangere offisiell blodsporprøve 1.september, så no er det berre å legge seg i trening!
Blodsporprøve
Blodspor er første del av den godkjenningen ein hund må gjennom for at hund og førar skal bli godkjent for ettersøk av skada hjortevilt. Blodsporprøvane er også ein populær konkurranseform blant mange hundeeigarar og mange av hundane vert brukt både til praktisk ettersøk og til konkurransar. Hugs at for å kunne starta på blodsporprøve må hunden din vere ID-merka (øyretatovert eller merka med microchips).
På ein blodsporprøve er spora ca. 600 meter lange. Dei blir lagt ved at en person fordeler ca. 1/3 liter storfeblod jamt utover sporet ved hjelp av ei flaske eller ein stokk med ein svamp festa i enden. Sporet har fire rette vinklar og er minst 12 timar gammalt. På en av dei rette strekkjene og i ein vinkel har sporet blodopphald på ca. 10 meter. I "enden" av sporet legg sporleggaren ein del av eit hjortevilt, vanlegvis ein klauv. Hunden må førast i ei minst 5 meter lang line. Er hunden rask og sterk er det ein fordel med ei line som er ein god del lengre enn dette.
Hunden kan tildelast 1. premie, 2. premie, 3. premie eller 0 premie. Hundar med 1. premie som gjer eit utmerka arbeid kan også tildelast heiderspremie (HP).
Fullstendig regelverk for blodsporprøve og fersksporprøve, samt terminliste over årets prøvar finn du på NKK's heimeside www.nkk.no Det vert arrangert både ordinære og bevegelege prøvar. Ein ordinær prøve er ein prøve som vert arrangert over ein eller to fastsette dagar. Vel du ein bevegeleg prøve avtalar du tid og stad med dommar. Det finns også godkjenningsprøver - desse står ikkje på NKK's terminliste og du får her ingen premiering - kun godkjent/ikkje godkjent.
Fersksporprøve
På denne prøven skal hunden kunna følgje på ein fornuftig og stillfarande måte sporet av eit uskadd hjortedyr samanhengande i minst ein halv time. Sporet er 1-4 timar gamalt når sporinga startar. Arbeidet vert premiert med poeng fra 0 til 10 der 10 er topp. Denne prøven er for dei hundeigarar som ønskjer å få hunden sin godkjent som ettersøkshund.
Viltsporchampionat (NVCh)
Vert tildelt hundar som har oppnådd 3 x 1. premie på blodsporprøve for tre forskjellige dommarar, ein av premieringane er oppnådd på ein ordinær (ikkje bevegeleg prøve) og hunden må i tillegg ha oppnådd minst 2 x 2. premie på utstilling i åpen klasse.
Slik startar du treninga
Når du startar å trene legg du eit kort spor som kanskje berre er ein halv eller ein time gamalt. Gå ut i ein skog der det ikkje er for mange forstyrrelsar. Merk starten på sporet med eit stort oppspark og bruk litt ekstra med blod her. Blod kan tingast i dei fleste matbutikkar.
Legg eit 50-100 meter langt spor. Kvar gong du set ned venstrefoten slepper du ned nokre dråpar eller lagar eit stempel med svampen. Pass på at du har vinden i ryggen (medvind). Der du legg klauven lagar du eit stort oppspark. Bruk ekstra med blod her. I tillegg til klauven bør du leggja noko anna som hunden er svært glad i, for eksempel mat - for dei hundane som er matvrak. Gå heim i ein stor sving utanom sporet. Vent ein halvtime, ta med deg hunden, sett på lina like før sporstart og la den få bruke den tida den treng til å utforska sporet. Lat hunden få jobba i fred. Det er den, ikkje du, som skal gå sporet. All sportrening må vere positiv. Det nyttar ikkje å tvinge ein hund til å gå spor!
Etter kvart som hunden synes det er morosamt å gå spor kan du legge spora vanskelegare.
Er dette noko som høres interessant ut så ta kontakt med Kari Vevatne 91 85 53 39
Info Kari Vevatne |