Vil du bli medlem i Voss Hundeklubb?
Me kan i så fall lova deg at det kjem du ikkje til å angra på. Gjennom Voss Hundeklubb får du treffa andre hundeinteresserte, og samstundes vert hunden din godt sosialisert med andre firbeinte. Klubben arrangerer ei rekkje kurs kvart einaste år, i tillegg til dei organiserte treningane, og me er trygge på at du etter ei stund vil finna ut kva aktivitetar som passar best for deg og hunden din. Ta kontakt med oss for meir informasjon.| Korleis gå fram for å bli medlem? |
|---|
|
1) Ta kontakt med leiar Brynhild Steine på tlf 48116089 for registrering, evt epost post@voss-hundeklubb.org 2) Betal medlemskontingenten du får tilsendt i posten frå NKK. |