Hjem > Om oss > Vossahunden

Vossahunden

Voss Hundeklubb sitt medlemsblad heiter Vossahunden, og går ut til medlemmane tre gonger i året. Hausten 2007 fekk Vossahunden ei skikkeleg overhaling. Frå å vera eit enkelt A5-hefte utan fargar, gjekk Vossahunden over til å bli eit skikkeleg blad i A4-format og fullfarge. Attendemeldingane frå medlemmane har vore overstrøymande, så det er tydeleg at dette var ei riktig satsing frå styret si side.

Redaktør i Vossahunden er Svanhild Bidne, medan layout- og annonseansvarleg er Margot Stensø.

Neste Vossahunden skal ut kring 1. april 2010

Manusfrist er 10. mars 2010 Skal stoffet med i bladet, det vera redaktøren i hende seinast denne dagen. Dette gjeld både bilete og tekst. Send gjerne flotte kvardagsbilete med ein liten tekst til. Har du elles idear til bladet, men ikkje lyst til å skriva sjølv? Ta kontakt med redaktøren, så finn redaksjonen ei ordning. Alle forslag er velkomne!

Redaktøren tek i mot foto eller stoff til bladet:

Svanhild Bidne

E-post:  svanhild@vossatroppen.no