Hjem > Om oss > Historikk

Voss Hundeklubb

Voss Hundeklubb vart starta i 1978. Og utover 80-talet var det stor aktivitet - spesielt innan hundekøyring. Men etter 1985 dabba aktiviteten av, og klubben vart lagt på is i nesten 10 år. Først i 1995 starta klubben opp att - og lenge heldt medlemstalet seg stabilt på mellom 70-100 medlemmar. Klubben var liten, men aktiv, og fleire av medlemmane hevda seg godt i konkurransar. Men dei fleste medlemmane nytta hundane sine som turkameratar og familiemedlemmar.

Pr i dag har Voss Hundeklubb lagt kraftig på seg - både med omsyn til aktivitetar og medlemstal. I år er talet på medlemmar 149, og imponerande mange av desse trenar lydnad, agility og bruks på jamn basis. I tillegg driv fleire med utstilling og avl.

Kursverksemda er også stor - med Vossakurset som eit absolutt høgdepunkt. Vossakurset er eit fire dagar langt kurs i august, med grupper for både agility, spor, rundering og lydnad. I tillegg arrangerer klubben både kvalpekurs, grunnkurs og bronsemerkekurs.

Voss Hundeklubb har også arrangert mange stevner siste åra. Så langt i 2008 har klubben stått for offisielle stevner i både agility, lydnad, spor, rundering og blodspor. I tllegg har klubben gjennomført karaktertest.

Voss Hundeklubb er til for alle hundeeigarar - same kva aktivitet ein ynskjer å driva med hunden sin. Mellom anna er det etablert eit godt samarbeid mellom brukshundmiljøet og redningshundmiljøet i bygda - noko som kom i stand gjennom klubben.

Voss Hundeklubb samarbeider elles med Norsk Kennel Klub, og alle våre medlemmar har såleis rett til å delta på utstillingar og prøvar der NKK står som arrangør til reduserte prisar. Alle medlemmar får også prisreduksjon på kurs klubben skipar til.

For informasjon om våre aktivtetar, sjå her.

Ynskjer du å bli medlem? Sjå her.