
Frå og med 1.januar 2007 vert all kontingent, også for medlemmer i Voss hundeklubb innkrevd av Norsk Kennel Klubb. Formålet med dette er å letta det administrative arbeidet til NKK, samt samla ”hundenorge”.
For medlemmer i Voss hundeklubb inneber dette at ein frå 2007 må betala ein medlemskontigent på 165,- direkte til NKK (alle som gjer det vil då få hundesport og ellers dei fordelene som medlemmer av NKK har hatt tidlegare). Dette er ein eingongssum som alle må betale kvart år. I tillegg må ein betale medlemskontigent til Voss hundeklubb og evt. andre klubbar ein er medlem i. All kontingent vert sendt ut på samla rekning frå NKK og så vert dei pengane som skal tilfalla klubbane refundert frå NKK. Alle hundeklubbar som er medlem i NKK får høve til å arrangera offisielle konkurransar og utstillingar, difor er det viktig for voss hundeklubb å fortsetja samarbeidet med NKK. Alle som er medlemmer i Voss hundeklubb vil få tilsendt hundesport med giro for innbetaling av medlemspengar i november ein gong.
Er du interessert i å stå på oppdateringslista for VHK WEB? Dei som er med på denne lista får e-post om endringar som skjer på heimesida vår. Send e-post til redaktøren med adressa de vil motta melding om oppdateringar på.
Det er fortsatt inga avklaring i saka om tildeling av treningsområde for VHK. Styret jobbar vidare med saka. Med deltakarar på høgt nivå i mange greiner innan hundesporten er det avgjerande at me har ein brukbar plass å trena. Dette er også viktig for rekrutteringa av nye hundeeigarar til klubben.
|