Voss hundeklubb vart starta i 1978. Det var stor aktivitet i klubben tidleg på 80- talet. Blant anna var det svært mange som dreiv med hundekøyring. Utstilling vart og avhalde. Fram mot 1985 vart det mindre aktivitet og klubben vart «lagt på is».
I 1995 starta me opp att og har sidan vore ein liten men aktiv klubb. Me har mellom 70 - 100 medlemmer. Nokre få av desse er aktive i konkurransar men dei aller fleste har hunden som turkamerat og familiemedlem.
Klubben arrangerer forskjellige kurs for hund og eigar, medlemsmøte, Vossahundens dag, «rusken» aksjonen der me ryddar gatene for etterlatenskapane til hundane, familiedagar osv. Sjå under aktivitetar dersom du vil vite meir om kva me driv med.
Me legg vekt på at klubben skal vere for alle typar hundar og eigarane deira. Jakthundar, brukshundar, selskapshundar, blandingshundar, rasehundar, store og små hundar - alle skal ha ein plass hjå oss.
VHK er samarbeidande med Norsk Kennel Klubb og som medlem hjå oss har de bl.a. rett til å delta på utstillingar og prøvar arrangert av NKK eller samarbeidande klubb til reduserte prisar. Reduserte prisar får de også på kurs som me arrangerer.
Styret i Voss hundeklubb arbeider for at du og hunden din skal ha eit tilbod til hundeaktivitet her på Voss og for at du skal kunna utvida din kunnskap om hunden. Auka kunnskap gjev auka forståing.
Me arrangerer lydnadskurs, agilitykurs og brukshundkurs. Blant anna har Finn Hugo Øien (bl.a. NM vinnar bruks. Eigar av fleire brukschampions) og representantar for landslaget i lydnad vore her og halde kurs for oss. Kvart år har me kvelpe- og grunnkurs.
Agilitybane har me og men me jobbar med å finna ein fast plass der han kan få stå ifred for vær,vind og vandalar. Vårt største ynskje er å få han under tak. Agilitykurs for nybyrjar og vidarekomne vert halde.
Me held ca. 2 medlemsmøter i året. Me forsøker å få landskjende foredragshaldarar på desse møtene. Me har bl.a. hatt Turid Rugaas, Magne Gjertsen og Nils Johannessen på vitjing.
Ta kontakt med kasserar dersom de ynskjer å verte junior-, senior- eller støttemedlem i Voss hundeklubb.
Voss Hundeklubb har 114 medlemmar pr. 19. april 2004.
|