Mange møtte fram til både dugnad og trening før sommaravsluttinga på Tvildemoen måndag kveld, og grasklyppar, hakker, spadar og river var i flittig bruk. Innsatsen vart så krona med skikkeleg grillfest, og utdeling av premie til vinnaren av årets fartskonkurranse. Heile 12 ekvipasjar stilte til start - i alle aldrar og former - og Svanhild Flage og Laki vann ein knipen siger framfor Torunn Todal Laberg og Nala på andreplass og Øystein Haga og Schubert på tredjeplass. VHK gratulerer så mykje!